søndag 17. mars 2013

Vekeplan veke 12/2013


To store og viktige fylkesdekkande arrangement finn stad på Eid denne veka: NHO sin årskonferanse på onsdag, og Fylkesmessa for ungdomsbedrifter med innlagt opningsseremoni for Fylkesjubileet 2013 på torsdag. Vi er stolte for å få vere vertskap for begge hendingane - Eid Inviterer!

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er fredag den beste dagen for det. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 18. mars
Møte med Harpefossen Skisenter
Videomøte med fylkeskommunen

Tysdag 19. mars
Gravferd (privat)

Ettermiddag/kveld: 
- Møte om Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus
- Høyringsmøte om Skulebruksplanen for vidaregåande skule

Onsdag 20. mars
NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse: Oppdrag Energi (på Nordfjord Hotell, Nordfjordeid). 

Torsdag 21. mars 
Fylkesmessa for ungdomsbedrifter og opning av fylkesjubileet "Sogn og Fjordane 250 år" (i Operahuset Nordfjord)

Fredag 22. mars 
Møte om rekruttering av utanlandsk arbeidskraft
Interne møte og kontordag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar