søndag 3. mars 2013

Vekeplan veke 10/2013


Ein stolt Hairspray-gjeng tek mot applaus etter søndagens matiné - 1.000 tilskodarar såg dei tre forestillingane i Operahuset Nordfjord i helga. Mange av kostymene er utlånt av Opera Nordfjord. Regissør/orkesterdirigent Michael Pavelich i svart smoking.

For ei helg! Tre dagar til ende har elevane ved Eid vidaregåande skule sett fyr på Operahuset Nordfjord. 

Ikkje bokstaveleg talt, men gjennom ei heidundrande, overveldande, gnistrande og storslått Noregs-premiere på musikalen Hairspray - i engelsk originalversjon. Heile 42 elevar opptrer på scena - mange av dei med sangprestasjonar av ei anna verd. Det er 17 beinhardt innkoreograferte dansenummer i forestillinga med opptil 40 dansarar på scena samtidig - kostymer, sminke, lyd og lys på eit nivå som ikkje står eit fnugg tilbake frå profesjonelle scener kvar det skulle vere. Alt takka vere det unike samarbeidet mellom Opera Nordfjord, profesjonelle dansarar og Eid vidaregåande skule - og elevar som heilt sidan august 2012 har øvd beinhardt fram mot helgas forestilling. 

Over 25% av dei nær 400 elevane på skulen har vore med og setje opp produksjonen - frå alle utdanningsprogram og årstrinn. Og ingen - absolutt ingen - er elevar som har valt musikk-, dans og drama som utdanningsløp. Skulen har ingen slike linjer, rett og slett. Nei, det er snakk om heilt "vanlege" elevar på heilt vanlege utdanningslinje - framtidige elektrikarar, møbelarbeidarar, legar, datafolk, salsmedarbeidarar, rekneskapsfolk og ingeniørar. Som går på ein heilt spesiell skule, på ein heilt spesiell stad. Som har fått ein unik sjanse i livet ved å gå på landets einaste vidaregåande skule med eige operahus og operaselskap - og som har gripe sjansen... 

Ikkje rart det fall nokre tårer både på scena og i salen etter premieren fredag kveld - underteikna blant dei..

Ein stolt rektor ved Eid vgs, Ove Bjørlo, saman med to av stjernene frå Hairspray: Motormouth Maybelle (Hanna Kvamme) og Edna Turnblad (Hege Anita Vereide - Eid vgs sitt svar på John Travolta i filmen med same namn)
Av rettighetsomsyn ligg ikkje forestillinga ute på nett, men ein del flotte foto ser du her. Eit videoklipp av leiar i opplæringsutvalet i fylket Norvall Nøringset sin flotte opningstale og nokre få smakebitar frå forestillinga ligg i tillegg ute på Youtube.

Uansett: Klar for ei ny veke, som også startar svært hyggeleg: Snorklipping for nyopninga av Statens Vegvesen sitt avdelingskontor og trafikkstasjon på Eid - eit moderne bygg som husar over 20 vegvesen-tilsette på Eid, og som no er klar for minst 10 nye år på Nordfjordeid. 

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 4. mars
Nyopning av Statens Vegvesen sitt avdelingskontor og trafikkstasjon på Eid
Styremøte Nordfjord Vekst m bedriftsbesøk på Norgesvinduet Bjørlo

Kveld: Politisk debatt, Sandane

Tysdag 5. mars
Kurs i styrearbeid
Kontordag etter lunsj med interne møte

Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Onsdag 6. mars
Næringslivskonferanse, Måløy

Torsdag 7. mars 
Formannskapsmøte kl 10-17

Kveld: Middag med traineane i Framtidsfylket

Fredag 8. mars 
Kontordag - til disposisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar