![]() |
Litt av folkehavet laurdag kveld - minst 10.000 var innanfor portane i det nydelege parkområdet på den gamle militære eksersisplassen midt i Nordfjordeid sentrum |
søndag 21. juli 2013
Malakoff 2013: Topp 8
Malakoff-festivalen 2013 er over. Det har vore ein musikk- og folkefest utan like, med over 20.000 besøkande på to dagar og tusenvis av hyggelege ungdommar frå fjern&nær buande på festivalcamp midt i Nordfjordeid sentrum.
torsdag 18. juli 2013
Malakoff 2013: Velkomen til Eid!
Det er ei stor glede å ønskje tusenvis av gjester frå fjern og nær
velkomen til rocke-fest på Nordfjordeid 18.-20. juli 2013: Velkomen til Malakoff Rockfestival 2013!
Klart for energikompetansesenter på Eid
Eid får hausten 2013 eit
nytt Energikompetansesenter (EKS) tilknytt Eid vidaregåande skule.
Eid kommune løyvde denne veka eit investeringstilskot på 1,2
mill kr til å bygge første byggetrinn av EKS. Det vil vere eit 120 m2 råbygg i
tilknyting til eit nytt garasje-/lagerbygg som allereie er under oppføring på
Eid vidaregåande skule i regi av fylkeskommunen. Det nye EKS-senteret skal stå
ferdig allereie i oktober, og vil bli disponert av næringslivet i regionen
etter avtale med Eid kommune.
- Vi får no på plass ein
testarena i Eid for ny energiteknologi som gir store muligheter for vekst og
verdiskaping for næringslivet i heile regionen, seier ordførar i Eid, Alfred
Bjørlo. - Eg vil berømme Sogn og Fjordane fylkeskommune for godt samarbeid for
å få senteret etablert. Samarbeidet om EKS er eit godt døme på korleis
næringsliv og kommune kan samhandle, og korleis fylkeskommunen kan fylle si
rolle som regional utviklingsaktør, seier Alfred Bjørlo.
Velkomen til Fjordhest-NM
I dag - 8. juli 2013 - opnar Fjordhest-NM 2013 på Nordfjordeid. Ca 100 ekvipasjar er påmeldt.
Det er ei stor glede å ønskje
velkomen til Fjordhest-NM 2013 i Eid kommune og "fjordhestens mekka",
Nordfjordeid.
Eid er ei hestebygd, og det
er vi stolte av! På Nordfjordeid har det vore
hingsteutstilling sidan 1886. I 1989 vart Norsk Fjordhestsenter etablert
på Nordfjordeid - med nasjonalt ansvar for å ta vare på fjordhesten som rase.
Fjordhesten er så viktig i Eid si historie at vi har han som vårt kommunevåpen
- og eg er glad for å kunne gi deltakarane i årets Fjordhest-NM ein kommune-pin
frå Eid som minne om fjordhest-NM 2013.
Abonner på:
Innlegg (Atom)