søndag 21. juli 2013

Malakoff 2013: Topp 8

Malakoff-festivalen 2013 er over. Det har vore ein musikk- og folkefest utan like, med over 20.000 besøkande på to dagar og tusenvis av hyggelege ungdommar frå fjern&nær buande på festivalcamp midt i Nordfjordeid sentrum. 


Litt av folkehavet laurdag kveld - minst 10.000 var innanfor portane i det nydelege parkområdet på den gamle militære eksersisplassen midt i Nordfjordeid sentrum

Dugnadsinnsatsen i lokalsamfunnet er berre å ta av seg hatten for. Over 1.000 frivillige har vore i aksjon døgnet rundt. Alle festivaldeltakarar eg har snakka med skryt uhemma av kor godt opplegget fungerer, kor hyggelege og positive alle som jobbar med festivalen er, og kor velkomne dei føler seg som gjester. Det varmar hjartet - og gjer innsatsen verdt det!

Meir om det seinare. Eg har i kveld rett og slett lyst å skrive litt om det som er hovudsaka på Malakoff: Musikken. Her er mi Topp 8-liste over musikkopplevingar på Malakoff 2013:


1. Biffy Clyro
Ingen over, ingen ved sida. Rett og slett eit av verdas beste band akkurat no - live på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane for full maskin. Ein må klype seg i armen for å forstå at det er sant. Du får ikkje betre rock enn dette på scena i 2013.

2. CC Cowboys
Ikkje mitt favorittband på plate, men dei skapte rein magi i ettermiddagssola på laurdag. Konserten vart toppa med eit frieri blant publikum regissert frå scena under siste ekstranummer, perla "Kanskje du behøver noen". Då var ikkje eit auge tørt blant oss som sto i området rundt. Og det skal seiast: Dagens besetning i CC Cowboys er det næraste ein kjem ei norsk supergruppe: Magnus Grønneberg, Jørn Christensen, Per Vestaby og Kyrre Fritzner på eitt brett.

CC Cowboys med tre av dei store i norsk rock i vår tid: Jørn Christensen, Magnus Grønneberg og Per Vestaby
3. The Hives
Dresskledde party-svenskar frå verdsrommet - rått publikumsfrieri som sat som ei kule som avslutning på heile festivalen i 2-tida natt til søndag. Knallhard punk-rock med gode låtar og uforlikneleg sceneshow - men Pelle kunne kanskje prata 10% mindre og spelt 10% meir (om lag som ein gjennomsnittleg politikar).

4. Black Debbath
Det er ikkje ofte ein ler så tårene trillar under ein hardrock-konsert (og i tilfelle ein gjer det, er det sjeldan eit godt teikn). Black Debbath er unntaket. Heilt i sin eigen divisjon - slepp unna med det utrulege av dritslenging, griseprat og absurditetar framfor eit publikum i alle aldrar - og tar oss med storm. Velkomen tilbake! Malakoff-publikum elskar Egil Hegerberg&co i alle band-variantar! Og ja: Det var faktisk kø av kvinnelege fans for signering av utvalde kroppsdelar i stæsjboda etterpå..

5. Casa Murilo
For meg var dette festivalens store aha-oppleving. Har aldri høyrt bandet før - og var likevel oppslukt og frelst frå fyrste tone på scena. Nydeleg, melodiøs pop-rock, eit band som elskar å spele og ikkje lar seg stagge av at dei er første band på storscena tidlega laurdag ettermiddag før festivalpublikum strengt tatt "er klar". Casa Murilo blir eit band eg vil høyre mykje på i tida framover!

6. Kaizers Orchestra
Gjengangarar og veteranar - er dei "oppbrukt"? Svaret etter konserten fredag er eit blankt nei. Fabelaktig konsert med fin blanding av gammalt og nytt, og enorm stemning blant eit rekordstort fredags-publikum på oppimot 10.000.

7. Bôka
Malakoff vart opna med "klubbkonsert" på Rockescena Gymmen torsdag kveld. Der opptrådde elektronika-bandet Bôka beståande av fem unge eidarar - som eg meiner i praksis er eit strålande, 70-tallsinspirert funk-band med enormt dyktige musikarar og litt "maskin-loops" i bakgrunnen. Mulig det er elektronika - det er i alle fall strålande musikk!

8. Aleks Grey
Aleksander Raftevold frå Hornindal/Eid er eit talent av dei heilt sjeldne. Han har gått tre år på Eid vidaregåande skule sin "talentfabrikk" og fått prøvd seg med musikk i alle sjangrar - så eitt år på musikkfolkehøgskule i Follo og har no som ein av få nordmenn kome inn på Paul McCartney sin musikkskule LIPA i Liverpool. Aleksander, med artistnamnet Aleks Grey, er ein artist med nydeleg sceneutstråling og som på toppen av alt skriv forbløffande gode "heilstøpte" låtar i ung alder. Sjå opp for Aleks Grey! (eg fekk diverre berre sett litt av konserten hans på utescena fredag på dagtid, hadde eg sett alt hadde han kanskje kome høgare på lista, men det vesle eg såg var perfekt!

Aleks Grey - her i "intimkonsert" på uteordførarkontoret i Eidsgata rett før Malakoff
Dette var mine Topp 8 frå Malakoff 2013. Til saman opptrådde over 30 artistar/band på Malakoff i år. Ein del hadde kanskje kome med på lista om eg hadde rukke å sjå dei - f eks dei øvrige artistane på Sommarlutt-scena og Morten Abel fredag. Andre var ypperlige konsertar, men når ikkje heilt opp ut frå min smak, slik som Lars Vaular og LidoLido. Uansett: Malakoff 2013 var ei strålande musikalsk oppvising. Sjå flotte fotoseriar frå festivalen m a på NRK Sogn og Fjordane, Sunnmørsposten og på Malakoff si Facebook-side.

Når arrangementet og ramma rundt på toppen er prikkfritt og stemninga er på topp - då må ein kunne seie at det har vore ei vellukka helg på Nordfjordeid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar