torsdag 18. juli 2013

Klart for energikompetansesenter på Eid


Eid får hausten 2013 eit nytt Energikompetansesenter (EKS) tilknytt Eid vidaregåande skule.

Eid kommune løyvde denne veka eit investeringstilskot på 1,2 mill kr til å bygge første byggetrinn av EKS. Det vil vere eit 120 m2 råbygg i tilknyting til eit nytt garasje-/lagerbygg som allereie er under oppføring på Eid vidaregåande skule i regi av fylkeskommunen. Det nye EKS-senteret skal stå ferdig allereie i oktober, og vil bli disponert av næringslivet i regionen etter avtale med Eid kommune.

- Vi får no på plass ein testarena i Eid for ny energiteknologi som gir store muligheter for vekst og verdiskaping for næringslivet i heile regionen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. - Eg vil berømme Sogn og Fjordane fylkeskommune for godt samarbeid for å få senteret etablert. Samarbeidet om EKS er eit godt døme på korleis næringsliv og kommune kan samhandle, og korleis fylkeskommunen kan fylle si rolle som regional utviklingsaktør, seier Alfred Bjørlo.




Det er gruppe på 12 bedrifter i Eid/Nordfjord innanfor elektro/automasjon, bygg og miljøvennlig energiløysingar som har tatt initiativ til EKS: Normatic, Caverion (tidl. YIT), Eid Elektro, Nordplan, Norgesvinduet Bjørlo, LocalHost, Segel, Fjordvarme, Renewable Energy Norway, Moderne Varme, Norsk Celluloseisolasjon og Riksheim. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nordfjord Vekst har gitt tilskot til forprosjektet.

- Eid og Nordfjord har eit unikt næringslivsmiljø innanfor elektro/automasjon, fornybar energi og smart energistyring/energibruk i bygg. EKS vil bli ein felles arena for næringslivet til utprøving, utvikling og kursing/sertifisering på nye tverrfaglege løysingar innanfor energi og bygg. Det seier prosjektleiar for forprosjektet til EKS, Anne van Oorschot.




Eid har i dag det største kompetansemiljøet i fylket i elektro/automasjon med 150 tilsette og tre store bedrifter, Noregs største fjordvarmeanlegg og to "signalbygg" nasjonalt innanfor miljøvenleg energibruk (Operahuset Nordfjord/Eid vgs og Nordfjord sjukehus). Eid er nylig utpeikt som ei av seks klimapilotkommuner i Noreg for satsinga på fornybar energi over mange år.

I Vågsøy blir det gjort spennande pilotsatsingar knytt til vind- og bølgekraft, og Vågsøy/Eid samarbeider om realisering av verdas største grøne datasenter, Lefdal Mine Datacentre AS. SFE har hovudkontor på Sandane, og er ein viktig partner og utviklingsaktør på energiområdet i heile regionen.

- EKS vil vere eit møtepunkt, kompetansesenter og felles "teknologi-leikeplass" for næringslivet i heile regionen, seier  dagleg leiar i Eid Elektro, Ove Kjøllesdal. - Det blir også i arbeidet med EKS sett spesielt på mulighetene til pilotsatsing på ny velferdsteknologi i Nordfjord-regionen. Her vil det skje svært mykje utviklingsarbeid i åra som kjem. EKS kan spele ei viktig rolle for at Nordfjord går i front med å utvikle og ta i bruk ny velferdsteknologi. Her er samarbeid allereie etablert med m a SFE, NTNU og Helse Førde, seier Ove Kjøllesdal.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar