torsdag 18. juli 2013

Malakoff 2013: Velkomen til Eid!


Det er ei stor glede å ønskje tusenvis av gjester frå fjern og nær velkomen til rocke-fest på Nordfjordeid 18.-20. juli 2013: Velkomen til Malakoff Rockfestival 2013!




Vi 6.000 som bur i Eid er stolte av å vere vertskap for ein av landets beste rockefestivalar. Eidarane er positive folk, som er glade i å få besøk som skaper farge og lyd i kvardagen. Du vil som festivalgjest oppleve ei enorm dugnadsånd. Heile Eida-samfunnet er med å gjere Malakoff til ein festival i særklasse - i år deltar omlag 1.000 personar frå fjern&nær i dugnadsarbeidet!

Eid kommune er også med på denne dugnaden. Våre folk stiller opp for Malakoff med handekraft, utstyr og maskiner før, under og etter festivalen. Kvart år - i god tid før festivalen - set vi oss ned saman med Malakoff og blir enige om kva festivalen treng hjelp til og kva Eid kommune kan stille opp med. Dermed veit Malakoff kva dei kan vente av kommunen, og vi veit i god tid kva vi skal gjere for Malakoff.

Eid kommune v/ordførar og Driftssjef underteiknar samarbeidsavtale med Malakoff Rockfestival
Malakoff er kanskje den viktigaste møtestaden både for folk som bur i Eid, Nordfjord og regionen rundt og ikkje minst for utflyttarar, studentar og elles andre med tilknyting til staden og regionen. Festivalen hadde over 17000 besøkande fordelt på to dagar i 2012, og blir neppe mindre i 2013.

Like viktig for oss, er det at Malakoff er synlig på Eid ikkje berre festivaldagane, men gjennom heile året. Takka vere Malakoff kan vi tilby alle unge på Eid rockeskule, vi har eiga rockescene (Gymmen) med øvings- og konsertlokale for band og artistar, og til og med eigen arrangørskule for barn og unge som vil bli like gode som Malakoff-gjengen på å lage eigne arrangement.

Med Eid vidaregåande skule i same flotte nybygg med Operahuset Nordfjord (Noregs einaste operahus utanfor Oslo), Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og Rockescena Gymmen, har vi skapt eit kraftsenter for kultur, skule og entrepenørskap som få andre stader kan vise maken til. Det er ikkje tilfeldig at Eid vgs i vår vart kåra av NRK P3 til skulen med best samhald og elevmiljø i heile landet - Malakoff har ein del av æra for det!


Så velkomen til rockehelg på Eid: Nyt det gode livet hos oss - og velkomen tilbake!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar