torsdag 18. juli 2013

Velkomen til Fjordhest-NM


I dag - 8. juli 2013 - opnar Fjordhest-NM 2013 på Nordfjordeid. Ca 100 ekvipasjar er påmeldt.

Det er ei stor glede å ønskje velkomen til Fjordhest-NM 2013 i Eid kommune og "fjordhestens mekka", Nordfjordeid.

Eid er ei hestebygd, og det er vi stolte av! På Nordfjordeid har det vore  hingsteutstilling sidan 1886. I 1989 vart Norsk Fjordhestsenter etablert på Nordfjordeid - med nasjonalt ansvar for å ta vare på fjordhesten som rase. Fjordhesten er så viktig i Eid si historie at vi har han som vårt kommunevåpen - og eg er glad for å kunne gi deltakarane i årets Fjordhest-NM ein kommune-pin frå Eid som minne om fjordhest-NM 2013.


Fjordhesten har ei stolt historie. Men viktigare enn å sjå bakover, er det å sjå framover. Fjordhesten er lett å handtere, har eit godt lynne og kan brukast innan mange område. Det er ein hest som er kjent og i vekst i store deler av verda - rett og slett ein norsk eksportsuksess som vi skal vere stolte av!

Som vertskommune for fjordhesten ønsker vi i Eid å vere med og løfte fjordhesten. Vi er glade for å ha engasjerte og flinke hestefolk hos oss året rundt, gjennom hestelinja på Fjordane Folkehøgskule og eldsjelene i Eid Fjordhestlag og Eid Ride- og køyreklubb som arangerer årets NM

Eg er glad for at vi no har starta eit arbeid saman med Norges Fjordhestlag om å utvikle Norsk Fjordhestsenter for framtida og legge ein felles slagplan for å løfte fjordhesten til nye høgder. Som eit synleg bevis på det,  tilbyr vi denne sommaren for første gong turistane på Eid daglege rideturar på fjordhest i vakker Vestlands-natur. Mottoet for årets hingsteutstilling i mai var "Fjordhest til folket" - det er eit godt motto å møte framtida med for oss alle!

Elles håpar eg du også utanom konkurransane finn tid til å gjere deg kjent med Eid og Nordfjordeid. Eidarane er positive folk, som er glade i å få besøk som skaper farge og lyd i kvardagen. På Eid finn du Noregs einaste operahus utanom Oslo og ein rockefestival i toppklasse (Malakoff). Det flotte kommunesenteret vårt, Nordfjordeid, kom i 2012 heilt til finalen i kåringa av ”Norges mest attraktive stad”.  I Nordfjordeid sentrum finn du alt du treng av mat, overnatting, service- og handletilbod i gåavstand. Alt ligg til rette for flotte dagar med hest, konkurransar og nye vener frå fjern og nær.

Kort sagt: Eid Inviterer - riktig godt NM til alle!

Ridetur i Hjelmelandsdalen sommaren 2013. Fjordhest til folket!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar