onsdag 20. juni 2012

Helsing til elevane ved Eid vgs våren 2012


(helsing på skuleavslutning for skuleåret 2011/12 ved Eid vgs, 20. juni 2012)

Siste skuledag: Gratulerer med dagen! Spesiell helsing til russen: Uansett kor mykje det er ein klisje så er dagen i dag – siste dagen etter 12 år på skulebenken – eit av dei store vegskilla i livet. Det fortenar ein fest!

Det eg har lyst å gjere her i dag til dokke alle, er å nytte høvet til å takke frå alle oss andre på Eid, frå resten av oss for at de er på Eid. Nåken av dokke har budd her heile livet. Andre av dokke har berre vore her den tida de har gått på skule, budd på hybel eller bussa inn.

Uansett: Tusen takk for at de er her! Eg håpar de vil huske desse åra her på vidaregåande på Eid som nåke heilt spesielt, uansett kva de skal gjere vidare i livet.

Og utan at eg anar nåke om standpunktkarakterar eller eksamensresultat og slikt – det får rektor Ove og lærarane halde styr på – så må eg frå min ståstad få lov å gi elevane på Eid vgs toppkarakter – ein blank seksar.

Dokke – og lærarane og dei tilsette på skulen elles - er med å drive Eidasamfunnet framover. De har på mange måtar ”brote ned” skillet mellom skule og bygda elles. Det her huset gjer at skulen og lokalsamfunnet elles rett og slett er i lag – på dag, ettermiddag og kveld, det er naturleg å møtes, snakkast og finne på ting i lag. Og det kjem det fantastiske ting ut av. Opera, Malakoff, skulemusikalar, kino, konsertar, store og små festar. Det er her ”pulsen” i Eid verkeleg slår.

Husk: De går på ein ganske spesiell skule! September/oktober: Skule på dagen, opera på kvelden. Februar/mars: Skulemusikalen Les Miserables – ein ufattelig prestasjon av ei oppsetjing – vil aldri bli gløymt verken av de som var med eller oss som såg på. Heile året: Hovedkvarter for Malakoff-festivalen, som i går blei kåra av Pyro på NRK P3 til ein av dei tre beste rocketrøkk-festivalane i heile Norge sommaren 2012 saman med Slottsfjellet og Hove-festivalen – milevidt før Øya-festivalen og alle andre norske festivalar.

Smak litt på det! Dette er ein del av dykkar kvardag som elevar på Eid vidaregåande skule…

Eg brukar av og til å seie at det eg som ordførar vil at Eid skal vere, er ein plass som er stor nok til å gi folk albogerom og leve ut draumane dine, og samtidig ein plass som er liten nok til å sjå kvar enkelt og ta vare på deg utan at du ”forsvinn i mengda”.  

Det er ganske store ord. Det er ikkje sikkert vi er heilt der endå. I alle fall ikkje for absolutt alle, kvar einaste dag. Men eg håpar i alle fall de kjenner dokke igjen litt, og har opplevd at Eid kan vere nettopp det.

Og til årets russekull: Tusen takk for dei åra de har vore her. Eg håpar de har Eid med i hjartet dokka resten av livet. Nåken av dåkke blir buande her, har fått jobb eller kjem til å få jobb. Det er kjempebra. Nåken skal vidare ut i verda og gjere heilt andre ting. Det er også kjempebra. Og de skal vite at de alltid er velkomne tilbake. Og at vi har det ganske kjekt vi som har flytta tilbake til Eid også, etter nåken år ute, anten vi har enda opp som lærarar, ordførarar eller noko heilt anna.

Og så står det igjen ein ting til etter dåkke spesielt for min eigen del: Eg kjem aldri nokon sinne til å gløyme årets russerevy, og der klarte de jo eigentleg å lage den nye nasjonalsangen til Eid med avslutningsnummeret på den revyen..

Og eg trur i alle fall de tar med dåkke ein ting de har lært etter tre år på Eid vidaregåande skule: Sjølvtillit. Vi kan klare nesten kva som helst, berre vi tør å kaste oss ut i det. Fortsett med det vidare i livet også.

Så min avskjedspresang til dokke som er russ – og alle dåkke andre - er ganske enkel: Ei opa dør. Uansett kva de måtte lure på og ønske av Eid: Ta kontakt. Er dokke fornøgd: Ver Eida-ambassadørar, og ver stolte av det. Er dokke ikkje fornøgd: Sei frå om kva vi må få til, så skal vi sjå om vi ikkje kan ordne det. Ute i gangen finn de ein stor bunke visittkort og ei stor kasse med det nye ”Eid inviterer-magasinet”. Det kan de ta med dåkke så mange det vil av. Går det tomt skal vi skaffe meir.

Så tusen takk til elevar, lærarar og rektor – og til årets russekull spesielt. Nyt sommaren og livet – og lukke til vidare til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar