søndag 3. juni 2012

Vekeplan veke 23

Det går mot sommar, og vi går inn i ein svært hektisk periode i det politiske livet. Denne veka er det fylkesting og møte i dei politiske hovudutvala i Eid, og berre fredag vil vere "vanleg" kontordag for min del. Dei neste to vekene vil på same måte bli prega av Formannskapsmøte og Kommunestyremøte i Eid, der mange viktige saker skal behandlast. Ikkje minst vonar eg vi før sommarferien har fått ei avklaring om vegen vidare for nytt omsorgssenter/sjukeheimstilbod i Eid. Det er ei sak som har lege "på vent" i fleire år, og som eg sterkt ynskjer vi no skal kome vidare med.

Men til saken:  Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 23. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er fredag den beste dagen. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 4. juni
Studietur til Florø for ordførar og rådmann i Eid. Tema: Mottak av flyktningar og næringspolitikk. Vi skal møte ordførar og rådmann i Flora kommune kl 10-14. 

Kveld: Gruppemøte i samband med fylkestingssamlinga i Loen. Foredrag om nynorsk i Sogn og Fjordane kl 17.

Tysdag 5. juni
Fylkestingssamling, Loen. Dag og kveld.

Onsdag 6. juni

Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Torsdag 7. juni
Intervju med elevar frå Eid vidaregåande skule

Møte i Driftsutvalet og Samfunnsutviklingsutvalet i Eid. Eg kjem til å delta på møtet i Samfunnsutviklingsutvalet, mellom anna fordi dei skal ha opp sak om kva vi kan gjere for å auke tempoet i bustadbygginga i Eid, og ha orienteringar om bruk og vern av bygningsmiljøa i Nordfjordeid sentrum

Kveld: Ope møte om bruk og vern av bygningsmiljø i Eid sentrum. Samtidig er det også avslutningsarrangement for Kulturskulen i Eid for skuleåret 2011-12. 

Fredag 8. juni
Videomøte om eHelse og ny teknologi i helsesektoren. Er elles på kontoret, og har frikveld for første gong denne veka...

Ha ei fin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar