tirsdag 12. juni 2012

Postkontorreform: Lokale konsekvensar

I går kveld (måndag 11. juni) vedtok Stortinget å redusere talet på postkontor i Noreg frå 179 til 30. Det betyr at det stort sett blir berre eit postkontor att i kvart fylke, også i Sogn og Fjordane. I løpet av 2013/14 blir postkontora i Eid, Sogndal og Florø dermed lagt ned og erstatta med post i butikk. (Tilsvarande blir t d i Møre og Romsdal postkontora i store byar som Ålesund og Kristiansund lagt ned, så dette er ikkje noko spesielt for Sogn og Fjordane). Bakgrunnen for dette er naturlegvis ei radikal endring/nedgong i folk sin bruk av posttenester, saman med ei vellukka utrulling av post i butikk framfor "reindyrka" postkontor.


Eg har på morgonen i dag ringt dagleg leiar på postkontoret på Eid, Ole Tom Myroldhaug, for å få vite litt meir om konsekvensane av dette for Eid. Kort fortalt vil det ikkje bli dramatiske endringar i posttenestene for folk flest. Posttenestene vil bli overført til ny ”Post i butikk” på ein av butikkane på Eid. Det vil ha som ein svært positiv konsekvens at vi får betydeleg utvida tilgjenge til tenestene (ope postkontor kanskje heilt frå 7 om morgonen til 22 om kvelden). Post i butikk er ei ordning som fungerer svært godt mange andre stader, og eg er trygg på vil bli god også for folk på Eid. Det vil ikkje bli endringar i postomberinga som følgje av dette.


Det som derimot er viktig, er å sikre gode løysingar for dei som i dag er tilsette på postkontoret i Eid. Det er snakk om fire personar på Eid som blir berørt av omstillinga (blir overtallige saman med ca 1.000 andre i Posten Noreg). Mange av desse har jobba i Posten svært lenge, og vi har ein flott stab av folk på vårt lokale postkontor på Eid. Det er ein spesiell dag for dei å møte på jobb til nyhenda om at postkontoret blir lagt ned (sjølv om ein har visst om lenge at omstillinga ville kome). 


Posten er tradisjonelt eit selskap som har vore gode på å ta vare på folk i omstillingsprosessar. Eg legg til grunn at det gjeld i denne runden også. Uansett: Eg har sagt til Ole Tom at Eid kommune skal stille opp om det er er noko vi kan bidra med i omstillingsperioden, og vi har avtalt å halde kontakten. Det er mange arbeidsgivarar i Eid og regionen rundt som for tida er på jakt etter flinke folk, og eg har god tru på at dette vil ordne seg. Men ein spesiell dag er det uansett – ikkje minst for dei tilsette på postkontoret på Eid.

Dette som ei lita dagsaktuell oppdatering frå mi side - kom gjerne med kommentarar/synspunkt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar