onsdag 6. juni 2012

Innlegg i fylkestinget om Grand Prix

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 6. juni med 21 mot 18 røyster å løyve 600.000 kroner til delfinale i Melodi Grand Prix i fylket i 2013 for tredje år på rad.

Venstre røysta mot løyvinga saman med Sp, Krf og SV. Ap, Høgre og Frp utgjorde fleirtalet, som dermed sørga for at Sogn og Fjordane fylkeskommune samla har gått inn med 2,25 mill kr til å arranger Grand Prix-delfinalar dei siste tre åra.

Så vidt eg er kjent med, er Sogn og Fjordane det einaste fylket i landet som har løyvd fylkeskommunale midlar til Grand Prix-delfinalar.

Her er manus til mitt innnlegg i debatten (framføringa vart litt kortare pga tidsnød..).

Fylkesordførar,

det er ei god liberal dyd for ein Venstre-mann å kunne skilje mellom det ein ikkje likar og det ein vil forby, anten det no er prostitusjon, tigging eller anna.

Men ei like viktig liberal dyd er å kunne skilje mellom det ein likar og det ein vil bruke skattebetalarane sine midlar på.

Dette er for meg ei slik sak.

Eg likar Eurovision Song Contest, heretter kalla Grand Prix. Eg er “begeistra for denne type arrangement” for å låne Ap-gruppeleiar Nils Støyva si elegante formulering. Og eg likar Florø. Florø er kommunen i fylket med størst vekstpotensiale. Florø er oljebyen, kysthovudstaden, som vi skal og bør satse mykje på i åra som kjem.

Og eg syns i og for seg det er greit at vi har svidd av ein del pengar på å gjere Florø til Grand Prix-by, ved starthjelp til den første delfinalen i 2011.

Men no syns eg ærleg talt det får halde. No er dette eit arrangement som må stå på eigne bein. Om ein arrangerer MGP to eller tre gonger, det speller inga stor rolle for vidare merkevarebygging. Vi veit allereie at dette kjem til å gi varige verknader i Florø, gjennom ein planlagt årleg vinterfestival i slutten av januar kvart år. Det er kjempebra. All honnør til lokale krefter som tar dette spranget.

Men så til fylkeskommunen si rolle. I dag sit vi i Fylkestinget, og har fått høyre av leiaren i Kulturutvalet vårt at dei ikkje prioriterer dette innanfor sine rammer – og at beløpet er langt, langt høgare enn noko anna kulturarrangement i fylket som dei har løyvd pengar til i løpet av 2012.

Og så, kjære Ap, Høgre og Frp: Viss det er slik som de seier, at ein allereie for to år sidan i praksis forplikta seg til gi fylkeskommunale midlar til Grand Prix i Florø i tre år – kvifor i all verda er det då ikkje tatt høgd for ei løyving i fylkeskommunen sitt budsjett for 2012 allereie? Kvifor står vi her i behandlinga av ein tertialrapport midtvegs i året og må ta pengar frå fylket sine bufferfond for dei trange tidene som vi veit står føre oss i åra som kjem?

Og som Krf-representant Tore Storhaug så glimrande sa det: Vi må ikkje ha så dårleg sjølvtillit i dette fylket at vi som einaste fylke i landet må betale for å få lov å arrangere Melodi Grand Prix. 

Kva er eigentleg dette? Sogn og Fjordane er ikkje noko indianerreservat. Vi er - i alle fall bør vere - eit heilt normalt fylke med større vekspotensial enn dei fleste. Då må vi oppføre oss slik også.

Så i denne saka skal eg vere kjedeleg, men konsistent. Når ikkje Høgre i denne saka vil stå for ein av dei fremste borgarlege dydene – ansvarlighet, stram hushaldering med offentlege midlar og ein medviten grenseoppgang mellom kva som er ei offentleg oppgåve og kva som ikkje er det – vel, då får Venstre og Krf gjere jobben Høgre ikkje gjer.

Men til slutt: Eg veit sjøvlsagt at det ganske sikkert blir eit knapt fleirtal for ei løyving. Så då vil eg samtidig nytte høvet til å ønskje arrangørbyen Florø lukke til. Eg er heilt sikker på at det blir eit glimrande arrangement. Det er ein knallflink arrangør som står bak. 

Nede i Aserbadjan i mai var det svigersonen til presidenten som blei heist ned på scena i heisekran som pauseunderhaldning. Kven av Høgre sine kronprinsar i Florø, Jacob Nødseth og Bjørn Hollevik, som blir heist ned på scena til Florø for å underhalde det norske folk veit ikkje eg. Men eg gler meg uansett. Lukke til med arrangementet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar